Månadleg arkiv juni 2016

Programmet for VossaRudl’n 4. juni 2016

Program VossaRudln 2016 ny 2

Her kan du lesa programheftet som alle deltakarane får utdelt.

Les meir

VossaRudl’n 4. juni !

VossaRudl’n er like rundt hjørna!

Me har heile 370 gjester og 164 påmelde køyretøy.

Programmet for dagen:

Startområdet på plenen nedanfor Fleischer’s hotel, frå kl 08:00!
Kl         08:00 – 10:30 Oppstilling av køyretøya i startområdet.
Kl         10:30 – 11:00 Programstart.
Kl         11:00 Start VossaRudl’n 2016
Kl         12:30 – 15:00 Deltakarane har lunsjopphald ved Skjerve skytebane.
Kl         15:00 og utover start etter lunsj.
Kl         16:00 og utover Målgang Brakanes Hotel, Ulvik

Kjell Fuglehaug er speaker og vil leia løpsstarten.

Ved utkøyring vert deltakarane fotograferte av fotograf Kjell Herheim. Deretter køyrer deltakarane langs grusvegen, nede hjå Vangsvatnet, forbi utescena og bort til Voss Camping...

Les meir