Månadleg arkiv januar 2017

Medlemsmøte onsdag 18. januar kl 19:00

Onsdag 18. januar kl 19:00 vert det medlemsmøte, med møtestad i MC-klubben.

Me er so heldige å få med oss medlem Gunnar Garen. Han skal fortelja om boka som Eidfjord Automobillag no har gitt ut. Han tek òg med seg boka for sal, kr 350,- dersom nokon ynskjer å kjøpa den.

Boka Motorkøyretøy i Eidfjord 1919-1960 er omtala i avisa «Hordaland» i tysdagsnummeret 04.01.17. Er du abonnent kan du lesa om den her: http://www.avisa-hordaland.no/d-bilane-kom-til-eidfjord&loggedin=1

Her har sekretæren lese fylgjande: I boknemnda finn me Conrad Hereid, Geir Midtun, Oddmund Lægreid og Gunnar Garen. Per Frode Bu har lagt til rette for bileta, og Inger Lægreid har teke seg av korrekturen.

Altså er det fleire av våre medlemer som har vore med på denne boka. Me gler oss til å høyre meir!

V...

Les meir