VossaRudl’n 4. juni !

VossaRudl’n er like rundt hjørna!

Me har heile 370 gjester og 164 påmelde køyretøy.

Programmet for dagen:

Startområdet på plenen nedanfor Fleischer’s hotel, frå kl 08:00!
Kl         08:00 – 10:30 Oppstilling av køyretøya i startområdet.
Kl         10:30 – 11:00 Programstart.
Kl         11:00 Start VossaRudl’n 2016
Kl         12:30 – 15:00 Deltakarane har lunsjopphald ved Skjerve skytebane.
Kl         15:00 og utover start etter lunsj.
Kl         16:00 og utover Målgang Brakanes Hotel, Ulvik

Kjell Fuglehaug er speaker og vil leia løpsstarten.

Ved utkøyring vert deltakarane fotograferte av fotograf Kjell Herheim. Deretter køyrer deltakarane langs grusvegen, nede hjå Vangsvatnet, forbi utescena og bort til Voss Camping. Ved taxibua vil deltakarane her køyra begge veger, annakvar mot Bulken og annakvar i retning Gjernes.

Deretter går løpet rundt Vangsvatnet, vidare opp Brynalii, forbi Palmafossen, og fortset på Rv 13, retning mot Hardanger. Deltakarane vil her køyra begge veger, annakvar mot Bulken og annakvar i retning Gjernes.

Lunsjopphald på, Skjerve skytebane, avkøyring mot Bjørke.

Deltakarane fortset på Rv 13 i retning mot Hardanger og svingar av mot Espelandsdalen. Målgang i Ulvik.

Arrangøren ynskjer publikum hjarteleg velkomne både på startområdet og ute i løypa.