Biltreff i Eidfjord 13. juni

Hei.

Me hadde styremøte torsdag 16 april, og eg fekk i oppdrag å formidle til Vossaklubben at me skal ha eit biltreff i Eidfjord laurdag 13 juni.

De er hjartaleg velkomne til Eidfjord !

  • Det er bekrefta at me får løyve til å køyra gamlevegen opp Måbødalen. 
  • Dato for treffet: 13.juni-15.
  • Påmelding: kl. 10.00-11.00 samme dag.
  • Frammøtestad: Kommunehuset i Eidfjord.  
  • Bilane står oppstilte ved kommunehuset fram til kl.13.00
  • Køyrerute: Gamlevegen opp Måbødalen til Fagerheim, retur til Fossli der det vert lunsj ca. kl. 15.00
  • Startkontingent: 200 kr pr. bil/køyretøy
  • Premiering: 4 premier til deltakarane:

1.      Veteran før 1960

2.      Veteran nyere enn 1960

3.      Sportsvogn

4.      Publikumsprisen

Samt ein premie trekt ut blant publikum som er med og stemmer. Rangeringa vert føreteke av ein jury og premiane vert utdelt under lunsjen på Fossli.

Om noko er uklart ber eg om at de tek kontakt.

Med venleg helsing

Eidfjord Automobillag

Oddmund Lægreid

-Leiar-