Tempo Rapid

Tempo Rapid 1960

Dette er ein tysk, framhjulsdreven varebil med Austin-motor bak framakslingen. Biltypen vart vidareutvikla utover 60-talet, og vart til Matador, Hanomag, Hanomag-Henschel og til slutt Mercedes-Benz.

Dette eksemplaret stammar frå Eidfjord, der han var i bruk på ein snikkarverkstad. På slutten av 1990-åra vart han oppdaga på Bjørke Biloppsamling AS av Frode Prestegard, og deretter teken vare på av Køyretøyhistorisk Klubb, Voss.

Har vore klubben sitt restaureringsobjekt i om lag 6 år.

Dugnadsgjengen, beståande av ei lita gruppe ihuga arbeidskarar har reparert frå ikkje køyrbar stand til køyrbar stand. Men mykje står att.

Motor heilt overhalt. Forstillingsdeler – ein del er laga nytt noko er reparert. No er det rustsveist ein ny bærande konstruksjon for golv og lagt nytt golv i varerommet.

Største utfordringa er å finna deler til dette klenodiet.

Døme på dette:

Clutch – er i frå VW Boble.
Bremsepumpe frå VW Type 2 før 1967.
Mansjettar til opphengskuler er mansjett frå styrekule til Fendt traktor.
Mansett styrestag er mansjett styrekuler frå MF 35.
Indre bærebruforingar, framme, er foringar hengjern frå Toyota Hilux.
Bremseslangar frame, frå Golf 3.
Bremseslangar bak frå VW Boble 1968 framme. Støtdempar bak frå Vw Boble 1968 bak osv..

Dugnadsgjengen:

Stig Kåre Trå
Torvald Trå
Odd Egdetveit
Jostein Steinsland
Anders Berge Ringheim
Torbjørn Dagestad