Medlemsmøte onsdag 18. januar kl 19:00

Onsdag 18. januar kl 19:00 vert det medlemsmøte, med møtestad i MC-klubben.

Me er so heldige å få med oss medlem Gunnar Garen. Han skal fortelja om boka som Eidfjord Automobillag no har gitt ut. Han tek òg med seg boka for sal, kr 350,- dersom nokon ynskjer å kjøpa den.

Boka Motorkøyretøy i Eidfjord 1919-1960 er omtala i avisa «Hordaland» i tysdagsnummeret 04.01.17. Er du abonnent kan du lesa om den her: http://www.avisa-hordaland.no/d-bilane-kom-til-eidfjord&loggedin=1

Her har sekretæren lese fylgjande: I boknemnda finn me Conrad Hereid, Geir Midtun, Oddmund Lægreid og Gunnar Garen. Per Frode Bu har lagt til rette for bileta, og Inger Lægreid har teke seg av korrekturen.

Altså er det fleire av våre medlemer som har vore med på denne boka. Me gler oss til å høyre meir!

V...

Les meir

Norgesløpet 2017

invitasjon-Norgeslopet-2017

Elektronisk påmelding
Påmeldingsskjema for innsending

Les meir

Jolabord

Hei gilde KHKV-medlem!

Det er framleis plassar att til jolabordet, neste laurdag!
Ta kontakt om du ynskjer å delta, send gjerne ein sms til 97148895!

Det hadde vore moro om fleire vart med!

God adventstid !
Helsing sekretæren

Les meir

Resultatlista VossaRudl’n 2016

resultat-vossarudln-2016

Les meir

Møte- og aktivitetsplan 2016

Medlemsmøter for haust og vinter 2016

Onsdag 28. september kl 19:00

Onsdag 29. oktober kl 19:00

Onsdag 30. november kl 19:00

Jolabord i desember, dato ikkje fastsett endå.

Medlemsmøta vert haldne, som før, i Voss MC-klubb sine lokale på Istad.

VEL MØTT!!

 

Les meir

Programmet for VossaRudl’n 4. juni 2016

Program VossaRudln 2016 ny 2

Her kan du lesa programheftet som alle deltakarane får utdelt.

Les meir

VossaRudl’n 4. juni !

VossaRudl’n er like rundt hjørna!

Me har heile 370 gjester og 164 påmelde køyretøy.

Programmet for dagen:

Startområdet på plenen nedanfor Fleischer’s hotel, frå kl 08:00!
Kl         08:00 – 10:30 Oppstilling av køyretøya i startområdet.
Kl         10:30 – 11:00 Programstart.
Kl         11:00 Start VossaRudl’n 2016
Kl         12:30 – 15:00 Deltakarane har lunsjopphald ved Skjerve skytebane.
Kl         15:00 og utover start etter lunsj.
Kl         16:00 og utover Målgang Brakanes Hotel, Ulvik

Kjell Fuglehaug er speaker og vil leia løpsstarten.

Ved utkøyring vert deltakarane fotograferte av fotograf Kjell Herheim. Deretter køyrer deltakarane langs grusvegen, nede hjå Vangsvatnet, forbi utescena og bort til Voss Camping...

Les meir

Program for VossaRudl’n 2016

Her finn de årets program for VossaRudl’n

Program for VossaRudl’n 2016

Les meir

VossaRudl’n 4. juni 2016 er opna for påmelding!

Påmeldingsfrist er 1. april 2016!

Her finn du invitasjon og påmeldingsskjema! Orientering og påmeldingsskjema VossaRudl’n 2016

 

Les meir

Møte- og aktivitetsplan 2016

Gilde medlemmer!

Møte- og aktivitetsplan for våren 2016 er klar!

Onsdag 2. mars kl 19:00 – Årsmøte – KHKV årsmøteinnkalling 2016

Onsdag 6. april kl 19:00 – Medlemsmøte

Onsdag 11. mai kl 19:00 – Medlemsmøte

Laurdag 4. juni VossaRudl’n 2016

Møta vert på same stad som før: MC-klubben Voss på Istad.

Les meir