Kategori Ymse

Norgesløpet 2020 er avlyst

Det vert med dette informert om at Norgesløpet 2020 er avlyst.

Køyretøy Historisk Klubb Voss beklagar dette, men det er det einaste fornuftige å gjere no.
Situasjonen rundt  pandemien korona er usikker og helsemyndigheitene forventar ein topp for smitte- og sjukdomstilfelle i mai-juni 2020. Det ville difor vera uansvarleg av arrangør, ovanfor deltakarar og løpskomite samt postmannskap å fortsetje planlegging og gjennomføring av løpet.

Noko skal ein no gleda seg over – me har fått tildelt oppdraget å arrangera Norgesløpet 2021.

Køyretøy Historisk Klubb Voss har 40-årsjubileum i 2021 og me tek sikte på å feira dette 3 dagar til ende i pinsen, 21.05. – 24.05, med løpsdato laurdag 22.05.21.

Venleg helsing
Ruth Kristin T Trå
Sekretær

Køyretøy Historisk Klub...

Les meir

Delemarknad laurdag 14. september

Delemarknad
Køyretøy Historisk Klubb Voss
arrangerer delemarknad
laurdag 14. september 2019, kl 08:00 – 16:00
ved klubbhuset, Dalsmoen 53, Istad
Kroner 150,- for stand
Sal av bildeler, bil, MC, andre køyretøy og «snurrepiperier»
Kafé i 2. etasje – sal av hotdog, vafler, kaffi, brus m.m.
Ved spørsmål kontakt oss på e-post: post@khkv.no

Velkomne til ein kjekk dag på Istad!

Les meir

Norgesløpet VossaRudl’n 2020

Norgesløpet VossaRudl’n 2020

Køyretøy Historisk Klubb Voss har fått tildelt Norgesløpet 2020! Dato for løpet er laurdag 30. mai 2020.

Set av datoane 30. mai – 1. juni 2020.

Meir informasjon kjem sjølvsagt!

Les meir

Innkalling til årsmøte 2019

Innkalling til årsmøte 2019

Tid: Onsdag 20. februar kl 19:00

Møtestad: Klubbhuset, Dalsmoen 53

Sakliste:

  1. Opning. Godkjenning av møteinnkalling og val av ordstyrar
  2. Godkjenning av årsmelding.
  3. Rekneskap.
  4. Budsjett.
  5. Val.
  6. Innkomne forslag.

Forslag må vera styret i hende innan måndag 11.02.2019.

Send gjerne forslaga på epost post@khkv.no.

Det vert servert kaffi og noko å bita i.

Ynskjer både gamle og nye medlemmer velkomne til møte!!

Venleg helsing

Ruth Kristin T Trå

sekretær

Les meir

Møte- og aktivitetsplan fyrste halvdel av 2019

Her kjem møtedatoar og litt anna:

Medlemsmøte: onsdag 23. januar kl 19:00

Årsmøte: onsdag 20. februar kl 19:00

Medlemsmøte: onsdag 20. mars kl 19:00

Vårslepp: onsdag 24. april. Køyretøya ut av vinterdvale dersom været er bra

Os delemarknad: helga 27-28. april

Køyretur gjennom bygda: onsdag 22. mai

7-setarløpet til Voss: 8. – 10. juni

Nasjonal motordag Hunderfossen: 9. juni

Nokre av desse har me ikkje sett klokkeslett på. Dei vil me koma tilbake til!

Les meir

Resultatliste VossaRudl’n 2018

Snarveg til Resultatliste 2018

og fasit på

Fasit Post 3 VossaRudl´n 2018
Biletoppgåve 2018

 

Les meir

Innkalling til årsmøte 2017

Innkalling til årsmøte 2017

Tid: Onsdag 22. februar kl 19:00

Møtestad: Voss MC-Klubb sine lokale på Istad

Sakliste:

  1. Opning. Godkjenning av møteinnkalling og val av ordstyrar
  2. Godkjenning av årsmelding.
  3. Rekneskap.
  4. Budsjett.
  5. Val.
  6. Innkomne forslag.

Forslag må vera styret i hende innan måndag 13.02.2017.

Send gjerne forslaga på epost post@khkv.no.

Det vert servert kaffi og noko å bita i.

Ynskjer både gamle og nye medlemmer velkomne til møte!!

 

Venleg helsing

Ruth Kristin T Trå

sekretær

Les meir

Medlemsmøte onsdag 18. januar kl 19:00

Onsdag 18. januar kl 19:00 vert det medlemsmøte, med møtestad i MC-klubben.

Me er so heldige å få med oss medlem Gunnar Garen. Han skal fortelja om boka som Eidfjord Automobillag no har gitt ut. Han tek òg med seg boka for sal, kr 350,- dersom nokon ynskjer å kjøpa den.

Boka Motorkøyretøy i Eidfjord 1919-1960 er omtala i avisa «Hordaland» i tysdagsnummeret 04.01.17. Er du abonnent kan du lesa om den her: http://www.avisa-hordaland.no/d-bilane-kom-til-eidfjord&loggedin=1

Her har sekretæren lese fylgjande: I boknemnda finn me Conrad Hereid, Geir Midtun, Oddmund Lægreid og Gunnar Garen. Per Frode Bu har lagt til rette for bileta, og Inger Lægreid har teke seg av korrekturen.

Altså er det fleire av våre medlemer som har vore med på denne boka. Me gler oss til å høyre meir!

V...

Les meir

Norgesløpet 2017

invitasjon-Norgeslopet-2017

Elektronisk påmelding
Påmeldingsskjema for innsending

Les meir

Programmet for VossaRudl’n 4. juni 2016

Program VossaRudln 2016 ny 2

Her kan du lesa programheftet som alle deltakarane får utdelt.

Les meir