KHKV
Om Klubben

Køyretøyhistorisk Klubb Voss


Klubben vart etablert i 1981 av lokale eldsjeler med kjærleik for veteranbilar.

Me er ein samlingsplass for alle med interesse for eldre køyretøy.

Sjølv om dei fleste forbinder oss med veteranbil, har me og medlem som brenn for motorsykkel, transporthistorie, busshistorie og mykje meir.


Klubben held i dag til i eige nybygd klubbhus på Dalsmoen. Her har me samlingslokale, samt sommar- og vinterlagring av køyretøy for klubben sine medlem.


Bygget har 525 kvm. med oppvarma lagringsplass for køyretøy og mesanin på 150 kvm. som nyttast som møtelokale for klubben.


Ønskjer du å komme i kontakt med oss, så kan du sende ein mail til: post@khkv.no