Norgesløpet 2020 er avlyst

Det vert med dette informert om at Norgesløpet 2020 er avlyst.

Køyretøy Historisk Klubb Voss beklagar dette, men det er det einaste fornuftige å gjere no.
Situasjonen rundt  pandemien korona er usikker og helsemyndigheitene forventar ein topp for smitte- og sjukdomstilfelle i mai-juni 2020. Det ville difor vera uansvarleg av arrangør, ovanfor deltakarar og løpskomite samt postmannskap å fortsetje planlegging og gjennomføring av løpet.

Noko skal ein no gleda seg over – me har fått tildelt oppdraget å arrangera Norgesløpet 2021.

Køyretøy Historisk Klubb Voss har 40-årsjubileum i 2021 og me tek sikte på å feira dette 3 dagar til ende i pinsen, 21.05. – 24.05, med løpsdato laurdag 22.05.21.

Venleg helsing
Ruth Kristin T Trå
Sekretær

Køyretøy Historisk Klubb Voss
Org. nr. 993923419
Dalsmoen 49
5709  VOSS