KHKV
VossaRudl'n 2024

VossaRudl'n 2024


Laurdag 25. Mai til søndag 26. Mai

Køyretøyhistorisk Klubb Voss inviterer til VossaRudl'n 2024


LAURDAG 25. MAI

Laurdag er løpsdagen og VossaRudl’n 2024 vert gjennomført.

I år vert oppstilling og start i Granvin, og elles gjennomføring etter same lest som tidlegare. Me gjer merksam på at alle deltakarar skal innom alle oppgåvepostar, lunsj og fotopostfor å fullføra løpet. Det er ikkje noko tidtaking for dette løpet, snarare tvert i mot.

Målgang ved løpshotellet Stalheim Hotel. Her avsluttar me med løpsfest, premieutdeling og middagsbuffet.

NB - bestilling av hotellrom gjer deltakaren sjølv etter at påmelding er gjennomført. Kvittering for påmelding innheld eit referansenummer som skal nyttast ved hotelrombestilling på Stalheim hotel.


SUNDAG 26. MAI

Frukost.

Guida tur ned Stalheimskleivi, med buss i retur. Pris kr 50,- per person. Meir informasjon kjem seinare.

Påmelding, prisar og betaling:

Påmelding til løpet er elektronisk, via deltager.no

Deltakaravgifta er i år kr 600,- Dette inkluderer lunsj for sjåfør.

Lunsj for passasjerar, kr 180,- per person, kjem i tillegg, sjå påmeldingsskjema.

Det er viktig at du les påmeldingsskjema og orientering godt og fyller ut korrekt informasjon.

Køyretøy med årsmodell til og med 1994 kan delta. Maksimalt antal deltakande køyretøy er sett til 170.

Påmelding er bindande. Ingen refusjon ved avmelding.


Overnatting:

MERK: Alle deltakarar må bestilla overnatting sjølve.

Ved betalt påmelding vil du motta ein sms/e-post med eit referansenummer.

Dette referansenummeret må du ha dersom du skal bestilla hotellrom ved løpshotellet Stalheim Hotel.

Det er ikkje mogeleg å bestilla overnatting ved løpshotellet før du har plass i løpet.

Skulle du vera hindra å delta må hotellrom vera avbestilt innan 16. mai. Avbestilling av rom direkte til Stalheim Hotel.